Når følelse møter presisjon

Det finaste med lange løpeturar i skogen er kjensla. Pust, rytme, flyt og den indre dialogen med kroppen. Pulsdata frå klokka mi kan aldri erstatte dette – men er eit verktøy som skjerpar meg.

Eg forstår skepsisen der mange blir meir opptatt av skjerm, Strava og dokumentasjon enn av kva kroppen faktisk fortel. Men det blir feil dersom ein sit igjen med inntrykket av at pulsdata i seg sjølv er upresise, eller at teknologi svekker god trening. Med riktig bruk vil data øke bevisstheten.

Garmin-klokka måler puls frå handleddet, og for dagleg og ordinær trening fungerer det svært godt for meg og dei fleste. Samtidig veit eg at nøyaktighet blir litt påverka av korleis klokka sit på armen, kor ho er plassert, kva aktivitet eg gjer og kor høg intensiteten er. For nokon er løysinga enkel – i staden for å stramme den vanlege reima endå eit hakk, kan ei trinnlaus borrelåsreim i nylon gi betre passform og mindre vandring på handleddet. Men når krava blir spissa, intensiteten høg, rørslene brå og forholda krevjande, bruker eg pulsbelte. Då får eg dei reinaste og mest presise dataene akkurat når det verkeleg betyr noko. 

Pulssoner

Men den verkelege styrken ligg likevel i korleis Garmin nyttar fem soner – nummererte frå 1 til 5 etter økt intensitet. Klokka lar meg og justere sonene ved å taste inn egne data som makspuls, kvilepuls og melkesyreterskel. Sonene kan setjast i BPM, prosent av makspuls, pulsreserve eller prosent av terskelpuls. Garmin Connect og klokka gjer dermed ikkje berre pulstrening enkel, men personleg.

Olympiatoppen opererer med ei intensitetsskala på åtte soner, I-1 til I-8, og løfter fram kor nyansert belastning kan forstås. Dei peikar også på at verktøyet kan knytast til laktat, effekt, fart, rundetid og frekvens. Garmin gjer dette praktisk i kvardagen med fem tydelege pulssoner som er enkle å bruke, men presise nok til å gi treninga retning.

På rolige turar hjelper dei granulerte sonene meg å halde igjen når eg har litt overtenning. På lengre økter gir pulsen ein god kontroll på at eg faktisk bygger kapasitet og ikkje berre samlar belastning. Når eg trener terskel og intervall vil eg ha full kontroll på om kroppen svarer slik han skal, og om økta faktisk treff det nivået eg ønsker. Det er her Garmin sine fem soner viser nytteverdien sin. Dei gjør trening enkel nok til at vi faktisk brukar sonene, men også presis nok til at dei får verdi. Sone 1 og 2 hjelper meg å bygge grunnlag og restituere betre. Sone 3 gir god kontroll på det moderate arbeidet. Sone 4 og 5 gir struktur på terskel og hard belastning. Når det blir kombinert med pulsdata og utvikling over tid, blir klokka eit presisjonsverktøy for betre trening og resultat.