Motivasjon var enklare før. Her er eg ute å trener med min mor

Motivasjon var enklare før

Kom i gang med treninga – enkelt

Når eg har køyrt til eller frå jobb har eg kjent på dårleg samvittighet i staden for glede når ein person spring forbi på gangfeltet. Sjukdom i familie, lange rolege sommerdagar og oppussing av hus, har viska sakte bort gleda med å trene – i fleire månader. Med tida som gjekk vart det enklare å akseptera forfall og ein snikande bilring – det vart den nye normalen. Samstundes merka eg endring i både kropp og sinn. Eg såg forfallet i speilet og min kjære kunne noterte eit fråvær av entusiasme. Det var likevel først då eg begynte å bli redd for å velte når eg tok på meg buksa, at eg skjønte at noko måtte skje. Å ta spontane joggeturar når eg var deprimerte berre for å oppdage at det fysiske var verre ein det psykiske – hjalp lite. Motivasjon var enklare før; epleslang, snøballkasting, lensmann, nabokjerringa og sinte foreldre – alt dette fekk oss til å springe fort. Nå er det sone2, kreatin, teip over kjeften og karbonplate som skal redde oss.

Det eg trong var noko enklare: ei enkel rutine for å få flyt, så eg satt av EIN enkel time i veka – kvar måndag frå klokka åtte på kvelden. Ikkje noko meir, men heller ikkje noko mindre. Det fungerte og når eg kom i gang vakna motivasjonen også – då vart det enklare å legge til ei ekstra økt seinare i veka. Og etter kvart kom gokjensla tilbake!

Alltid klar for ei spanande treningsøkt. Modell: Frode Lein

Det du ikkje kan telle – tell ikkje!

Å ha ein plan med bestemte oppgåver er den kortaste vegen for å få flyt både i heimen og på arbeid. Det er her Garmin Coach med sine skreddersydde treningsplaner tek plass – gratis og enkelt å sette opp. Og saman med bruken av badevekta mi Index Smart Scale gir dei meg entusiasme i ein ellers metta kvardag.

Å bruke klokka til å registrere treningsøktene er ikkje berre tall, men ei kunngjering på å ha fullført ei viktig oppgåve – for meg og dei rundt meg.