Train as you fight!

Train as you fight

Slik øver du med Garmin inReach

Sommeren er her og mange av oss skal ut i den villeste og flotteste naturen med den dårligste mobildekninga i Europa. Vi treng ikkje reise langt inn i fjella før dekningsstrekane på mobilen blir få og små – da er det bare satellittkommunikasjon som fungerer. Train as you fight!

posisjonsnøyaktighet ned til 10 cm
Garmin inReach, satellittkommunikasjon, Rinex – posisjonsnøyaktighet ned til 10 cm

Eg lærte tidlig at i ei krise stiger du ikke til anledningen – du synker til nivået av treningen din. Forsvaret og redningsetater bruker ofte dette sitatet. Det gjelder våpen, førstehjelp og kommunikasjon, men også din Garmin inReach.

Garmin inReach er ein del av beredskapen din. Men beredskap er ikkje noko du kjøper. Beredskap er noko du trener på. Har du kjøpt ei sikkerhetsline, må du også øve på å kunne bruke den.

Når situasjonen er livstruende og alt skjer fort, er det enkle ofte det beste – som på ein inReach. Ein fysisk SOS-knapp som er lett tilgjengelig som du kjenner med kalde fingrer og prosedyrer du har øvd så mykje på at handlingane kjem før tvilen.

Etter tiår med ekstreme konkurranser på alle kontinent og eit yrkesliv innen sikkerhet og beredskap for samfunnskritiske funksjoner har eg vore i nok situasjoner til å erfare at utstyret svikter sjeldent – det er den utrente bruker som svikter.

Garmin inReach er ingen beredskap før den er innøvd

DNT spurde i ein artikkel om du egentlig treng endå ein dyr dings i sekken. Mitt svar kjenner du frå «Meir enn ein dyr dings«. Men DNT belyser eit viktig punkt i sin artikkelen når dei skriv «anskaffer du nødverktøy, må du lære deg å bruke det«. Ein inReach som ligg ubrukt i sekken frå du kjøper den til krisa oppstår kan gi deg og dine ein falsk trygghet. Enheten fungerer, spørsmålet er om du fungerer.

Eg har kjent på det sjølv, frå Amazonas til Antarktis – når det smell blir tankane uklare, adrenalinet pumper, tunnelsyn kjem samtidig som finmotorikken forsvinn. I denne tilstanden skal ikkje du leite i ein meny du aldri har åpna. Prosedyrene skal sitte i fingerspissene fordi du har drilla på dei i fred og ro. Det er dette som beskriv «Train as you fight». Er du flink her blir krisa ein repetisjon istedenfor en premiere.

Du har betalt – bruk den!

Du har allerede betalt for den nødvendige treningsarenaen – dei inkluderte funksjonene i abonnementet ditt. Funksjonene kan være tekstmelding for å verifisere enhet og abonnement, Check-in, manuell kontroll om du har mottatt meldinger og posisjonsdeling via Garmin Explore. Ubrukte meldinger er bortkasta trening – bruk dei.

Månedlig drill med inReach

Sett opp ein fast dato i kalenderen og gjennomfør ein 15 min. SOP drill for deg i felt og dei heime. Dine mottagere heime er ein viktig del av beredskapen og bør inngå i øvelsen. Dei må forstå at meldingane kjem frå ein inReach-enhet og kven som er avsender.

Avsender trening

  1. Slå på inReach enheten ute. Noter kor lang tid det tar å få satellittkontakt der du er.
  2. Send ein testmelding for å verifisere at enhet og abonnement fungerer.
  3. Send Check-in uten bruk av mobil. Telefonen kan være knust den dagen det gjeld.
  4. Send ei tekstmelding via Garmin Messenger. Begynn meldingen med teksten ØVELSE, ØVELSE …
  5. Krev kvittering på meldinger du sender. Ei melding er ikkje levert før ho er kvittert.
  6. Gjøre ein kontroll av batteri, kart, programvare, synk av kontakter og verifiser din posisjon.
  7. Debrief og loggfør: dato, tidsbruk, batteri, feil og tiltak – ein test utan logg er berre ein opplevelse.

Mottaker

  1. Svare med avtalt kode: OK, MOTTATT.
  2. Åpne MapShare og lese ut posisjon og tidsstempel – det er dette hovedredningssentralen spør om.
  3. Forstå avtalt varslingsplan: når vente, når purre, når eskalere.

Det siste punktet er spesielt viktig. Manglende melding betyr ikkje katastrofe. Det kan være forsinkelse, batterisparing, dårlig sikt til satellitt eller at du er opptatt. Men mottaker må forstå når dei skal avvente og når dei skal eskalere. Lag i tillegg tre standard meldinger som du og dine mottagere har ein felles forståelse for.

Økt friksjon

Start enkelt, men øk kompleksiteten etter hvert – uten telefon, i mørket, med ei hand, på ett minutt, ute i kulde og regn, sliten og trøtt. På denne måten bygger du ferdigheter som sitter uansett tilstand.

Train as you fight!

SOS-knappen

Eit falskt nødsignal binder opp ressurser og redningsmannskap, så her er det viktig å tørrtrene. Lær deg å vite nøyaktig hvor SOS-knappen sitter, korleis dekselet fungerer, hvordan utløse SOS på klokka, les og forstå prosedyren for aktivisering av SOS signal, svar frå nødsentralen og avbrudd ved uhell.

Og til sist men ikkje minst – forklar turfølget ditt korleis og kva som skjer når SOS-knappen blir aktivisert.
Train as you fight!