Nå blir det personlig
Det Garmin gir av merverdi for meg er ikkje berre trening, navigasjon og data – men korleis klokka blir meir personleg, relevant og nyttig med alle dei ekstra appane. På mi fenix 8 Pro har eg installert appar som viser kor innholdsrik ConnectIQ butikken har blitt når folk blir invitert til å utvikle etter eget ønske – for konkrete behov, lokale forhold og særegne interessefelt.
Meir enn ei treningsklokke
For meg har klokka blitt langt meir enn puls, kart og treningsøkter. Det er her ConnectIQ med økosystemet rundt klokka kjem inn i bilete. Nokre appar løyser heilt konkrete behov og andre knytter klokka til interessene mine i kvardagen. Felles for dei fleste er at dei gjer opplevinga meir personleg og meir relevant.
Dei fleste har allerede tatt i bruk Garmin pay som let deg betale med klokka uten å måtte ha med telefon, lommebok eller kort. Men i tillegg er det så mange appar som frivillege applikasjonsutviklere bidrar med inn i økosystemet rundt Garmin Connect. Verdien på klokka øker voldsomt når eg finn dei små appane som dekker eit etterlengta eller latent behov.
Eksempler på apper frå mi klokke
skredvarsel.app – lokal nytteverdi
For oss som ferdast i vinterfjellet, er dette ein app som umiddelbart gir meining og økt sikkerhet. Skredvarsel.app er tilpassa norske og svenske forhold som møter eit behov for oss som går på ski i fjellet. Det er slike appar som viser styrken til plattforma Garmin Connect. Ei genial løysing utvikla av folk som forstår utfordringa og sjølv er ute i terrenget og situasjonane appen skal brukast i.


teslacontrol.net – sært gjort praktisk
Denne appen dekker eit særegent interessefelt som er gjort om til praktisk nytte på handleddet. For meg er det stas korleis klokka kan gå frå friluftsliv og trening til også å vere eit verktøy for bilen min. Når eg er ute å løper, legg eg telefonen igjen i bilen og låser bilen med klokka. Denne appen er sær og smal, men utrolig kult for oss som har tesla.
Spotify – når eg vil lytte
Kanskje ikkje overraskande, men Spotify er eit godt døme på kor mykje verdi ein enkel app kan gi. Når eg er på trening, på tur eller berre vil ha musikk utan å måtte ha med telefonen, er dette ein app eg set pris på. Kanskje ikkje så originalt, men klokka kjennest meir komplett med Spotify.


Hydration Tracking – når eg må drikke
Hydration Tracking er eit døme på korleis økosystemet blir styrkt av folk som kjenner plattforma frå innsida. Denne appen er utvikla av Garmin sitt eget personell. Appen gjer det enkelt å loggføre dagleg væskeinntak og setje påminnelser, slik at klokka også kan støtte opp rundt gode vanar utanfor treninga og gjere meg betre forberedt i konkurranser som går over mange timar og døgn.
Messenger
Når eg let telefonen vere heime blir det ein heilt annan frihet. Men sjølv om eg spring langt til fjells i mange timar er eg trygg. På mi fenix 8 Pro har eg inReach Messenger, og det gir ei heilt anna kjensle av tryggleik. Skulle det vere noko viktig kan eg kommunisere med familien, med eller utan mobildekning. inReach Messenger på klokka er laga med tanke på kontakt og beredskap når det verkeleg betyr noko – via satellitt.

Eit levande økosystem med verdi
For meg betyr det mye at Garmin har valgt å bygge ei plattform for at folk skal få utvikle for reelle behov – tilpassa livet, interesse og kvardagen – då blir klokka meir enn eit produkt.
Dei mest interessante appane kjem frå utviklere som ser noko spesifikt: eit lokalt behov, ein nisje eller ein praktisk situasjon som fortener ei betre løysing.
Omtalte lenker
- Garmin Connect
Legg til kreative apper, urskiver, musikk og mer i Garmin-enhetene dine – eller lag dine egne apper for Garmin-enhetene.
Connect IQ-butikkappen. - Tesla
Tesla Control – Lock, unlock, climate control, and more – all from your Garmin watch. No phone needed.
Dette er en ekstern app/tjeneste som ikke eies eller kontrolleres av Garmin. Bruk skjer på eget ansvar. - Skredvarsler
Oppdatert og tilgjengelig skredvarsler for alle varslingsregioner i Norge og Sverige mens du er på tur.
Dette er en ekstern app/tjeneste som ikke eies eller kontrolleres av Garmin. Bruk skjer på eget ansvar. - Garmin Messenger
Med en LTE-tilkobling og Messenger Calls-appen på smartklokken kan du ringe til en annen enhet som er inReach-kompatibel, eller andre enheter som har lastet ned og konfigurert Garmin Messenger-appen på en kompatibel smarttelefon.
- Spotify
DJ på håndleddet med Spotify. Last ned musikk og podkaster til klokka di for å lytte offline og uten telefonen.
Dette er en ekstern app/tjeneste som ikke eies eller kontrolleres av Garmin. Bruk skjer på eget ansvar.
Det er ganske enkelt å utvikle apper for Garmin. Du starter du med Connect IQ, som er utviklingsplattforma for apper, urskiver, datafelt og små visninger på klokken. Du installerer Connect IQ SDK, bruker Visual Studio Code og programmerer i Garmins eget språk Monkey C. Det enkleste er å begynne med en liten app, for eksempel en enkel visning som henter eller viser nyttig informasjon på klokken, før du tar helt av med avanserte funksjoner. – lykke til